Dagens Aasen-ord er ein almanakk med eit ordtak for kvar dag henta frå Norske Ordsprog av Ivar Aasen. Ordtaka har den originale forma slik språkbyggjaren Ivar Aasen la dei fram i 1881-utgåva. På den måten er den også den poetiske og estetiske krafta i utforminga teken vare på, samstundes som dei kvardagsnære og jamt tankemetta seiemåtane er lett tilgjengelege.